Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn som ønskjer å ta det neste steget i karrieren?
Østerbø Maskin søker serviceinnstilt og ansvarleg arbeidsleiar mekanisk/plast som skal vere med på satsinga vår på PE-plastsveis. Du skal leie arbeid på anlegg med oppfølging av arbeid, personell, oppfølging sveisedokumentasjon, HMS og kvalitet. Ta del i plastsveising av rør og plater i ulike dimensjonar både lokalt i Østerbø-området og hos kunde.
I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta. No satsar vi på tyngre PE-rørsystem som f.eks. inntaksrør til havbruk og landbasert oppdrett og ynskjer bygge eit endå sterkare fagmiljø rundt dette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsleiar for monteringsjobbar på anlegg – hovudsakleg landbasert oppdrett
- Koordinering av arbeidsteam og kvalitet på byggeplass
- Plastsveis av PE-rør ekstruder, muffe og speil
- Utføre mekanisk service og produktvedlikehald
- Reise ut på monterings- og serviceoppdrag
Hos oss jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektrikarar. Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane våre.


Ønska Kvalifikasjonar
Kjenner du deg att i noko av dette? Send oss ein søknad
- Fagbrev innan industrirørleggarfaget eller plastmekanikarfaget, eventuelt mekanisk bakgrunn
- Erfaring frå arbeid på landbasert anlegg, jobba med PE-røyr og PE sveising.
- Montasjeerfaring av alt frå smått til stort utstyr (pumper, vekslarar, prosessutstyr osv.)
- Rigg-erfaring
- Fordel med erfaring frå koordinering av arbeidsteam og oppfølging av kvalitet og HMS ute på byggeplassar
- Du er god til å delegere arbeid, løysningsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
- Handterer hektiske periodar på ein god måte
- Flytande norsk som arbeidsspråk, samt god i engelsk
- Du er MOTIVERT for å levere litande løysingar!
- Førarkort kl BE samt helst kl C med kransertifikat
- Sertifikat for truck er ein fordel
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- Konkurransedyktig løn
- Sertifisering i bruk av utstyr
- Oppmøteplass Østerbø, stor reiseverksemd må påreknast
- Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
- Tilpassa reise- og friordning
- Gode karrieremulegheiter for den rette kandidaten
- Velutstyrt verkstad og nytt administrasjonsbygg
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir informasjon og søknad
For meir informasjon eller spørsmål om jobben kontaktar du:

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no snarast (søkjarar vert vurdert forløpande)
Om oss
Østerbø Maskin er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 35 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!